<$BlogRSDUrl$>

14.3.04

Innsida 

I Dag og Tid kjem frikvarteret på nest siste side, med Innsida. I går var det Ragnar Hovland som disponerte plassen. Det er mykje å ta av her, til hyggje, nytte og underhaldning. Ragnar Hovland er barnebarn av Ragnvald Indrebø, Bjørgvin-bispen som var ankermann for den nynorske bibelomsetjinga av 1938, og denne helga nyttar han høvet til å heidre bestefar på sin særeigne måte. Men eg kjenner meg forplikta til å sitere Ragnar Hovlands sitat av Elias Blix, så Indrebø får du lese om i papirutgåva av Dag og Tid.
Nær Jesus-oppleving
Alle hugsar jo frå skulen Blix-salmen "Ein båt i stormen duva, men Jesus var om bord" [Merknad: Det kjem nok an på kvar du gjekk på skulen, Ragnar. På Hedmarken song vi mykje salmar, men ikkje denne. Men så var vi jo ukjende med stormar]. Det er vel helst få av dei som lever i dag som har fått oppleve å ha Jesus i båten, men sist månad reiste eg med buss frå Havanna til badebyen Varadero på Cuba. Og kva heitte sjåføren? Jesus. Og aldri har eg vel kjent meg tryggare under ein busstur.
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?