<$BlogRSDUrl$>

16.3.04

Teologisk fakultet 

I går ettermiddag fekk eg tilgang til ei viktig, men vanskeleg tilgjengeleg kjeldesamling for studiet av Elias Blix. Bergensar og heidersmann Geir Magnus Walderhaug, sannsynlegvis den personen som er best kjend i arkivet til Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, gav meg ei innføring i løyndommane her. Dette arkivet er framleis å finne ved fakultetet, medan til dømes Det historisk-filosofiske fakultet har avlevert sitt arkiv til Riksarkivet.

Eg skal inn att i dag. Dagens Blix er utsett til i ettermiddag; eg har alt funne ein tidlegare upublisert Blix-tekst av stor interesse, og den må eg sjå litt nærare på. Følg med, følg med.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?