<$BlogRSDUrl$>

11.4.04

Dagens Blix 

I Edens sæle Sumar/ Eit Livsens Tre av Rotom rann,
Og av kvar Kvist og Kumar / Sprang evigt Liv fyr alle Mann.
So Treet stod i Hagen / I Livsens rike Blom
Alt til den myrke Dagen, / Me fall i Synd og Dom.
Daa Herren Vegen stengde, / Som inn til Treet gjekk,
Og Dauden inn seg trengde / Og Vald i Verdi fekk.

So Verdi Treet misste, / Der ikkje meir vart til det spurt,
Og Ingen Vegen visste, / For Eden kvarv fraa Jordi burt.
Men Livet, Verdi vantad, / Daa ikkje utdøytt var,
For Herren atter plantad / Ein Livsens Aldegard.
Or Kristi Grav er runnet / Det Tre paa betre Vis,
Og Livet atter funnet, / Som kvarv fraa Paradis.

Der stend det Tre med Tryggje, / Er livt og fredlyst med Guds Ord;
Og Gud er Sol og Skyggje, / Og Anden fell som Dogg til Jord.
Det stend imillom Graver, / Men ned fraa kvar ein Knupp
Den raude Druva laver, / Som vekkjer Daude upp.
So bløma Daudens Hagar / Som Eden fyrr i Aust,
Og Herrens Aaker lagar / Seg til ein herleg Haust.

Ein Engel Treet gjæter / Med Sverdet logande som Ljon,
Men inn kvar Syndar læter, / Som set til Jesus Tru og Von.
Men den, som fyrst fekk smaka / Den Druva, Treet ber,
Han lengtar dit tilbaka, / Der alt hans Hjarta er.
Der mognar Livsens Grøda / Til Jesu Kristi Pris,
Der fær eg Himmelføda, / Der finn eg Paradis.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 73

Χριστος ανεστη! Kristus er oppstaden!

Med denne mest originale og dristige mellom påskesalmane til Blix helsar eg deg god påske. Salmen står sist mellom påskesalmane i siste utgåva av Nokre Salmar. Det er åtte av dei i alt, så vi har ein salme for kvar dag i den første store veka.

Alle utgåver (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Langfredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?