<$BlogRSDUrl$>

19.4.04

Denne veka 

er det innlevering av eksamensoppgåve på det faglitterære forfattarstudiet, firedagars tekstmøte for omsetjarane i Bibelselskapet, og konsert med orkesteret eg spelar i, Oslo Symfoniorkester.

Aktiviteten på BlixBlog vert difor lågare enn vanleg. Dagens Blix kjem ikkje i dag, og det er ikkje godt å seie om det kjem bidrag til denne spalta i det heile denne veka. Men no har du jo mange gilde påskesalmar å gle deg over.

Kva meir skulle eg sagt? Jau: Er du i Oslo tysdag kveld, er du velkommen på konsert i Universitetets Aula kl. 19.30. Dirigent for kvelden er Bjarte Engeset, sunnmørsk som Ivar Aasen sjølv [Oppdatering, same kveld - og ikkje berre det. Min gode studiekamerat, samtalepartnar og kontaktperson i Hovdebygda, Per Halse, skriv i ein e-post:
Om du ikkje er klar over det, er Bjarte ikkje berre sunnmøring, men ekte hovdebygding. I vår samanheng kan det vere grunn til å nemne både at han er son av Aasen-entusiasten og Hovden-biografen Jens Kåre, og at han er oppkalla etter morfaren Bjarne Slapgard.
Det var ikkje småtteri.] Men norsk musikk finst det ikkje på programmet: Rossini-ouvertyre, Paganini-felekonsert med Catharina Chen (kjendis frå Dan Børge Akerøs "Kjempesjansen"), og, sist men ikkje minst: Dvoraks 6. symfoni.

Om du møter opp, kan du jo få høve til å ta personleg stilling til Jon Øystein Flinks revolusjonære karakteristikk av fiolinen, fiolinistane og utdanningsinstitusjonane deira (frå ei CD-melding i Morgenbladet 02.04.2004):
Den borgerlige fiolinen villeder oss, undertrykker oss, noen ganger passivt, andre ganger aktivt. På Barratt Dues Musikkinstitutt blir fiolinen for eksempel brukt aktivt som instrument for hjernevasking, som et nymotens lobotomiserende våpen mot den frie musikalske utfoldelse. På slike institusjoner benyttes fiolinen til å skape vidunderbarn for Dan Børge Akerøs talentiader; man tvinger musikalske ungjenter gjennom et fascistisk utdanningssystem som produserer russisk filolinkonsertspillende anoreksiaofre på løpende bånd. Der har du det torturapparatet som kalles fiolinen, og der alle gitarister er solide amatører i sjelen, og dermed den uutgrunnelige melankoliens apostler, er fiolinister alltid profesjonelle i sjelen, og derfor den selvfølgelige misantropiens apostler.
Ein kan sikkert seie mykje om Barratt-Dues musikkinstitutt og Catharina Chen, men karakteristikken "misantropiens apostlar" har faktisk aldri falle meg inn.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?