5.4.04
Maalstriden 1861
Eg har tidlegare (11. mars) sitert eit langt "Innlegg i Maalstriden" frå Christiania-Posten 12.03.1861. Reidar Djupedal har nemnt Elias Blix som forfattar, og eg reiste spørsmålet om korleis Djupedal kunne vite det, sidan innlegget var anonymt.
I dag veit eg svaret. Det er mellom dei mange verdifulle opplysningane eg har med meg heim att frå Finn Blix.
Torsdag 30. januar 1902 var heile nummeret av Symra vigd minnet om Elias Blix. Bladstyrar var Klaus Sletten. I bladet er heile "Innlegg i Maalstriden" frå 1861 trykt opp, med denne redaksjonelle kommentaren:
Send ein kommentar.

Innlegget i maalstriden stod aa lesa i "Christiania-Posten" 12. mars 1861. Det bar ikkje noko merke, men professor E. Blix hev i minsto til huslyden sin late ord falla um at han var forfattaren. Stykket er forvitnelegt i seg sjølv; det syner at motmennerne ikkje er komne stort lenger no enn for 30 aar sidan. Og det er kanskje det einaste innlegg i dagsens strid fraa professor E. Blix.Innlegg i Maalstriden (1861).
Han var frilynd og frihuga som faae, og veik aldri av fraa dei vegjer som førde ei stor sak fram. Men han var ein freda mann og vilde heller jamna striden enn hogga kvast fram i. Ein vil sjaa at han ikkje var plent so spaklynd i dei fyrste studentdagar.
Send ein kommentar.