<$BlogRSDUrl$>

16.4.04

TF-arkivet 

I dag hadde eg siste arbeidsøkt i arkivet til Det teologiske fakultet. Eg har i grunnen vore mykje der den siste månaden, men no har eg hatt høve til å følgje Elias Blix frå han tok til som student ved fakultetet i 1861/62, og til han utførde sine siste professorplikter der i 1896. Dei siste arbeidsåra sine fekk han vere på full tid ved historisk-filosofisk fakultet, der han eigentleg var tilsett.

Det står att mykje arbeid med materialet, men no veit eg i det minste kva ein kan vente å finne her.
  1. Det er studietida på 1860-talet eg kjem til å konsentrere meg om i denne fasen. Eg konstaterer at ein 1800-talsstudent ikkje sette mange spor etter seg før han (som på denne tida utan unnatak var mann) gjekk opp til eksamen. I åra før eksamen er Elias Blix berre nemnd som stipendmottakar. Men det fortel da noko. Nordlandsstudentane var privilegerte slik, dei fekk stønad frå det Schytteske legat. Blix mottok 6 spesidalar i månaden fram til han tok embetseksamen, og det var nok eit økonomisk tilskot som kom godt med.
  2. Men frå eksamensåret 1866 er det eit rikt og sers verdifullt materiale: Eksamensoppmeldinga (i røynda ein kort sjølvbiografi), samtlege skriftlege eksamenssvar til embetseksamen (som kan seie mykje om den teologiske profilen til Elias Blix), og sensurvedtaka.
  3. Så var det praktikum og eksamensresultata der (vinteren 1868).
  4. Så kjem perioden der Blix byggjer opp ei akademisk karriere. Han får reisestipend til utlandet (løyving i 1870 og 1871, reisa finn stad i 1871-1872), og deretter adjunktstipend (frå 1873).
  5. Doktorgraden tok Blix ved det historisk-filosofiske fakultetet (1876), så arkivmaterialet her finst andre stader.
  6. Men Det teologiske fakultet var svært involvert i at Blix vart utnemnd til professor i hebraisk (1879). Han vart no formelt knytt til det historisk-filosofiske fakultetet, men halve arbeidsplikta si hadde han ved det teologiske fakultetet, der han skulle avlaste professor Caspari.
  7. Mellom anna tok han del i eksamensarbeidet gjennom mange år - med avbrot for statsrådstida, 1884-1888.
  8. Ein interessant fase begynner ved professor Casparis død i 1892. Her er det mykje eg ikkje har heilt klårt for meg, men eg kjem ikkje til å ta opp denne tråden før neste år. På dette punktet kunne Blix vorte ordinær professor i Det gamle testamente ved det teologiske fakultetet, nok eit opprykk på den akademiske karrierestigen. Men han ville ikkje. I fleire år levde fakultetet med midlertidige løysingar (der det viktigaste elementet heitte Elias Blix), til den unge Simon Michelet vart utnemnd i professoratet seint i 1896.
  9. I denne perioden hadde Blix fleire tunge akademiske oppgåver for Teologisk fakultet. Han var med i ein doktorgradskomité (Simon Michelet), i komiteen som vurderte kandidatar for professoratet i Det gamle testamente, og i det minste ein gong i komiteen som vurderte avhandlingar for Kronprinsens gullmedalje.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?