<$BlogRSDUrl$>

3.5.04

132 år 


Eldste son til Emma og Elias Blix, Hans Peter, vart fødd 3. mai 1872 i Leipzig og kalla opp etter morfar Hans Hansen og farfar Peder Christoffersen. Veslebror Ivar fortel frå barndommen at Hans og den fem år yngre broren Helge ofte var i tottane på kvarandre:
Hans vilde for eksempel ha det varmt på værelset, mens Helge vilde ha det kaldt. Da den ene sørget for å stenge ovnstrekken, så den ikke kunde reguleres mere, boret den andre hull i ovnen. Helge gikk som regel av med seiren, da han ganske enkelt bare behøvet å nippe lorgnetten av Hans for å gjøre ham kampudyktig.
Hans vart jurist, tok jobb og fann seg kone (Sigrid) i min ungdoms by Hamar. Seinare var han byråkrat i Justisdepartementet, sorenskrivar i Hardanger (1918) og i Eidsvoll (1927). Sigrid og Hans fekk to barn. Leiv Erik Blix Bondevik, som har hjelpt meg med mykje materiale, er oldebarnet deira. Hans Peter Blix døydde i 1936

Flagg med løyve frå ITA's Flags of All Countries
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?