<$BlogRSDUrl$>

6.5.04

Blogging frå Bergen 

I dag er eg i Bergen. Gruppemøte i "Eufrat", omsetjargruppa med ansvar for profetane i Bibelselskapets revisjonsprosjekt. Jon Fosse, Sverre Bøe og eg møttest på Norsk Lærerakademi i Sandviken for å leggje (vår) siste hand på profeten Mika. No må andre seie kva dei meiner om arbeidet vårt.

Nett no (kl. 21.50) sit eg på prestegarden i Arna, ei av svigerinnene er prestekone her. Eg har vore innom UB i Bergen som snarast. Det er lovande funn i katalogen til manuskriptsamlinga: Fire brev frå Elias Blix til svigermor Marie Saxen Hansen frå året 1872. Dei må vere skrivne frå Leipzig, der Emma og Elias Blix hadde den første heimen sin, og der Hans Peter vart fødd. I morgon skal eg sjå på dei.

Eit anna viktig funn i dag, i jubileumsskriftet for Gjertsens skole i Kristiania: Elias Blix står oppført i lista over lærarar ved denne skolen med tenestetid 1874-1879. Eg har lenge trudd at han arbeidde som lærar samtidig med at han hadde universitetsstipend, men no veit eg det. Læraren Elias Blix er blitt viktigare og viktigare for meg. Han praktiserte altså i dette yrket på grunnivå frå 1855 til 1879, 24 år (med avbrot for artiumsåret 1859-60 og Leipzig-året 1871-72).

Send ein kommentar.
# lagt inn 6.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?