<$BlogRSDUrl$>

4.5.04

Bryllaupet 

23. juni 1871, på dagen tre år etter det møtet han seinare song om, møtte Elias Blix opp på prestekontoret til Vår Frelsers kyrkjelyd for å ta ut lysing, og 19. juli stod bryllaupet, i sjølvaste Domkyrkja. Forlovarar var skreddar Halvor Reiersen og "stadsveier" Carl Olsen.

Reiersen er ein viktig person i soga om Elias Blix, og han må eg finne ut meir om. Han var fødd i Holla i Telemark i 1828, var skreddar og dreiv forretning ved Stortorget, men bustad hadde han i Pilestredet. Gjennom mest heile studietida var han Elias Blix sin hybelvert og – ser det ut til – eldre ven. Ikkje berre var han forlovar i bryllaupet, han er òg registrert som medlem i Det Norske Samlaget i den eldste kjende medlemslista frå 1875. Olsen var gift med Emma si søster Mina (1840-1916). Emma hadde dessutan brørne Hans Wilhelm (1830-1896) og Richard (1835-1906). Begge var ugifte. Det var Hans som tok over snikkarverksemda etter faren. Richard var målarmeister, men emigrerte til USA og kom først attende til Noreg på sine gamle dagar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 4.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?