<$BlogRSDUrl$>

17.5.04

Dagens Blix 


I Norigs Vetter rann ein Vaar, / Og Sol reiv Myrkret sunder.
Det var ein Maimorgon klaar / Og fager som eit Under:
Daa rann vaar Fridoms Sol, / Vaar gamle Konungsstol
Vart reist i Norig ny, / Og upp fraa Bygd og By
Steig Lovsong yver Landet.

----------
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Husebye, 1900), s. 114-116

Til 17. mai for 105 år sidan skreiv Elias Blix denne salmen, som i dag neppe vil passere som politisk korrekt, men som er eit svært interessant tidsbilete frå åra før unionsoppløysinga. Eidsvoll 1814 har fått mytologiske dimensjonar i denne høgst maskuline og noko militante teksten. Men over det heile skin vårsola, og "Gud ... stod attved / Og Fridomsverket fremjad" (vers 2). Tonen er Blix sin høgtidstone nummer ein, "Vor Gud han er saa fast en Borg".

Heile salmen (.pdf-fil).
Fredagens Blix.
Flaggbilete med løyve frå ITA's Flags of All Countries
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?