<$BlogRSDUrl$>

26.5.04

Kvitsunn i Fron 

Om du ikkje har planar for helga, og ikkje har høve til å reise til Vågan i Lofoten, er kan hende Kvitsunn-feiringa i Fron i Gudbrandsdalen eit alternativ? Den har sine komersielle sider, "Peer Gynt as" står som arrangør (best kjent for Peer Gynt-stemnet om sommaren, med skodespelet framført i friluft ved Gålåvatnet). Men det er altså framfor alt ein kyrkjefest, der den store Sør-Fronkyrkja står sentralt. Pilegrimsvandring kan du òg vere med på, i lommeformat.

Sjølv skal eg i konfirmasjon i Ås til helga, så det vert ikkje nokon Fronstur. Men det hadde vore hyggjeleg. Eg vikarierte i Sør-Fronkyrkja ein sommar. Dessutan har eg vore prest i Nord-Fron i eitt år og i Ringebu i fire, så det er mange gode minne knytta til dette landskapet.

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?