27.5.04
Læraren
I åra 1863-1874 underviste Elias Blix på Hartvig Nissens latin- og realskole. Den mest kjende skildringa av det indre livet på Nissens skole i slutten av 1860-åra er den som Theodor Caspari (1853-1948) gjev i Fra mine unge aar. Han meiner det gjekk nedover med skolen generelt, og disiplinen spesielt, da sjefen sjølv slutta i 1865 for å bli ekspedisjonssjef i Kyrkjedepartementet. Caspari minnest heile fire seinare universitetsprofessorar mellom lærarane, historikarane Gustav Storm og Yngvar Nielsen, latinaren L. B. Stenersen og Elias Blix – "allesamen kundskapsrike og fremragende mænd, men ikke netop pædagoger." Det er Nielsen som får det beste skussmålet mellom desse fire, men Blix stilte rett nok med handikap:
Send ein kommentar.
Og hvor hører jeg ikke endnu den dag idag den senere saa navngjetne salmedigter Elias Blix's trætte røst – han læste religion med os, i regelen i sidste time –: "Aa sit naa rolig paa bænken da, Caspari!" Sitte rolig paa bænken i sidste time, og det i religion! – ja, det var nok lettere sagt end gjort.Før ein dreg for raske konklusjonar om Blix sine pedagogiske evner, bør ein få med seg framhaldet. Der skriv nemleg Caspari, som sjølv var lærar i gymnaset gjennom eit langt liv:
Mere end en gang har denne røst senere i livet lydt i mine øren, naar jeg selv var stedt i samme kasus som lærer, og træt og sliten anropte en elev: "Aa sit naa stille paa bænken, da Ola!"Og det må, i rettferds namn, leggjast til at det finst heilt andre og meir sympatiske skildringar av Blix som pedagog.
Send ein kommentar.