7.5.04
Meir frå UBB
Men det låg mykje meir i mappa merka Ms. 1857 i Manuskriptsamlinga:
- eit brev til Elias Blix frå gamlelæraren hans, Hans Hansen i Gildeskål (25.10.1878)
- eit brev til Lars Eskeland (det er han som har samla alt dette materialet) frå Peder Ravik, Gildeskål 27.12.1923 [Forklåring, 10.05.2004: Peder er brorson til Elias Blix, son av einaste heilbroren hans, Ole Ravik]
- handskrivne utdrag av breva frå Elias Blix til Johan Amundsen ved dottera Marie Blix (januar 1920)
- 6 konseptsider med Elias Blix' handskrift, sannsynlegvis til tale i Stortinget for å gje Anton Chr. Bang eit ekstraordinært professorat i norsk kyrkjehistorie
- eit par kladdeark med Elias Blix si handskrift
- trykt song "Ved Signe Bangs Bryllup med Pastor Gustav Dietrichson 24de Juni 1901", signert E. B.
- trykt song "Ved Mad. Marie Hansens Jordefærd den 27de November 1873".
- Trykt program "Ved Professor Dr. E. Blix's Begravelse den 28de Januar 1902"
- diverse fotografi frå Gildeskål
- Bladet "Nordlands Trompet", utgjeve av Den nordlandske Forening i Kristiania, årgang 1-2, 1884-1885. Biografi over nyslått statsråd Elias Blix i nr. 5-6/1884
- diverse småtrykk av nekrologar og gamle artiklar om Elias Blix.