<$BlogRSDUrl$>

10.5.04

Patriarken 

Brev frå Elias Blix til Marie Saxen Hansen, 04.05.1872 (framhald)
Ja, min kjære Emma har nu mer end nogensinde vist sig som Heltinde og er bleven mig dobbelt dyrebar; det er et velsignet Barn, Gud lønne hende rigelig for hvad hun har lidt!
Trass alt, eg kan kjenne att mykje, sjølv om skildringa av heimefødsel i eit anna hundreår og eit anna land inneheld mange framande element. Det mest framande er likevel den konsekvente omtalen av ektefellen som eit "barn", tre gonger i dette eine brevet, og tilsvarande i dei seinare.

Rett nok: Aldersskilnaden mellom Emma og Elias Blix var heile 13 år. Vidare skriv Elias til ei mor som er enkje, og i rommet mellom henne og Emma går han tydeleg inn i fars stad. Men "barnet" var no 23 år gammalt. Kvinnesynet som kjem til uttrykk, var vel nokså utbreidd, vil eg tru. Eg ser at eg har lese for lite historieskriving frå kvinnesynspunkt. Kor skal ein begynne, tru?

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?