<$BlogRSDUrl$>

11.6.04

Blix og mållaget 

Det ser altså ut til at Blix VAR med i det "Maallag" som møttest alt i åra 1861-1863. Dei viktigaste kjeldene til dagleglivet der er Aasen si dagbok og Yngvar Nielsen(!) sine minnebøker. Året før Løvland skreiv stykket om Ross som du finn lengre ned på sida, noterte Olav Midttun i Syn og Segn nr. 25 (1919), s. 281:
Det var vel desse maalmannsmøti i hovudkvarteret hjaa Ross Blix minte um paa aarsmøtet i Det norske samlaget i 1897 i ein tale for Hans Ross, og som han kalla for det fyrste maallaget i Kristiania; men det var ingen fast samskipnad paa nokor vis.
Men tilhøvet mellom dei til dels overlappande landsmålsnettverka i Kristiania på 1860-talet (mållag, "Felag", "Døleringen", "Kvervingsdrykkjur", "Samlag") er framleis noko uklårt for meg.

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?