<$BlogRSDUrl$>

9.6.04

Dagens Blix/Paulus 

Rom 11,16-18
16 Men er Fyrstegrøda heilag, so er Deigi det og, og er Roti heilag, so ero Greinerna det og.
17 Men um no sume av Greinom ero avbrotne, og du, som var ein vill Oljekvist, vart innsett imillom deim og vart samhavande i Roti og Feita paa Oljetreet,
18 so rosa deg ikkje imot Greinerna; men um du rosar deg, so er det daa ikkje du, som ber Roti, men det er Roti, som ber deg.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Oliventre-allegorien til Paulus pregar mykje av kapittel 11 i Romarbrevet. Det handlar om tilhøvet mellom jødar og heidningar, eit heilt sentralt tema i brevet. Heidningar som er blitt kristne, er framstilte som "ville olivenkvistar" som vert "pota inn" på "oliventreet" Israel.

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Måndagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?