<$BlogRSDUrl$>

25.6.04

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 15,9-12
9 men at Heidningarne skulo prisa Gud fyre Miskunn, som skrivet er: "Difyre vil eg prisa deg millom Heidningar og lovsyngja ditt Namn."
10 Og atter segjer Skrifti: "Fagne dykker, Heidningar, saman med hans Folk!"
11 Og atter: "Love Herren, alle Heidningar, og prise honom, alle Folk!"
12 Og atter segjer Esaias: "Det skal vera Roti av Isai og han, som reiser seg til aa raada yver Heidningom; paa honom skulo Heidningarne vona."
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Elias Blix kom aldri så langt som til å omsetje det gamle testamentet, der han hadde primærkompetansen sin - med to unnatak: Den tredelen av Salmane som han rakk å fullføre før han døydde, og alle sitata i det nye testamentet. Her er eit døme.

Og med ein oppvekst på Hedmarken har eg ein forkjærleik for dativ ("Heidningom").

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Førre kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?