25.6.04
Dvergmål-CD

Eg har skrive ei melding av plata for Vårt Land. Sidan den ikkje er publisert i dag, har BlixBlog ambisjonar om å vere første medium ut med å gjere merksam på plata, som kjem på merket Heilo (HCD 7192). Den må du ikkje gå glipp av! Eg gret av glede ved første gjennomhøyring, og skreiv:
Vanlegvis er eg kulturpessimist. Men nett no lurar eg på om det kan vere von for verda likevel. Grunnen er ein doggfrisk og lys levande kombinasjon av tre tilsynelatande dødsdømde element: Salmar, nynorsk og kveding.Meir seinare.
Send ein kommentar.