<$BlogRSDUrl$>

2.6.04

Etterslepet 

Eg har eit stort etterslep etter pinsehelga, så eg får prøve å ta att noko. Lat oss begynne med Dag og Tid, som markerte høgtida med heile to dobbeltsider kyrkjestoff, diverre berre i papirutgåva, ikkje på nett.

Den eine tek utgangspunkt i det årlege salmeseminaret i Uranienborg, som i år (24. april) handla om Bernt Støylen. BlixBlog var der. Her finn du mellom anna ein kortversjon av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen sitt oppsummerande innlegg (litt sladder i parentes: Eg møtte Andreas Aarflot i helga. Han arbeider for tida med eit materiale som kastar mykje lys over Bernt Støylens pastoralteologi og kyrkjetenking. Det kjem til å bli eit svært interessant supplement til Støylen-biletet som vart teikna på seminaret).

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?