23.6.04
Festspel!
I kveld opnar Dei Nynorske Festspela. Opningshøgtida finn stad i Ivar Aasen-tunet kl. 19.00. Så vert det spel heilt fram til sundag 27. Festspeldiktar er Frode Grytten. Av andre ting eg gjerne skulle opplevd, nemner eg Ivar Aasen-minneforedraget "Og ordet vart nynorsk" ved Jarle Bondevik og festspelutstillinga til Marvin Halleraker (som har illustrert den einaste boka eg har gjeve ut til no). Men i år får eg halde meg heime og skrive.
Send ein kommentar.
Send ein kommentar.