<$BlogRSDUrl$>

16.6.04

FotBaal 

Eg har nemnt saka tidlegare, i samband med fotballfolket sin bruk av "Å, eg veit meg eit land." I går skreiv eg i eit lesarinnlegg i Vårt Land med tittelen "Den virkelige trusselen" (åtvaring: bokmål):
I vårt samfunn har fotball langt på vei overtatt funksjonene som Ba'al-dyrkelsen hadde i gammeltestamentlig tid. Det dreier seg om dyrkelse av livskraft, ungdom og fruktbarhet, ofte i ekstatiske og ukontrollerte former. Fotballen har sine ritualer, sitt kultpersonale, sine lokale og sentrale helligsteder og sine altere.
Eg ser ikkje bort frå at eg har gjort noko dumt. No veit eg korleis nyhende blir til. Vårt Land hadde denne oppfølgjaren i dag:
Kamp om fotBa´alen
Fotball er en større trussel mot den kristne kulturarven enn islam, mener teolog Anders Aschim. Einar Gelius og Halvor Nordhaug synes han skyter over mål.
(Les meir)
Sidan har eg takka høfleg nei til ei handfull oppmodingar frå etermedium om å følgje opp. Eg har fått sagt det eg hadde på hjartet, og det får vere bra.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?