<$BlogRSDUrl$>

9.6.04

John Klæbo 

Det tek til å bli mange bipersonar i Blix-biografien min. Vi får sjå kor mange som får plass til slutt. Men nokre er viktigare enn andre.

I går var eg i arkivet ved Menighetsfakultetet att. Eg har omtala Heggtveit-samlinga tidlegare, og spesielt samlinga med brev frå John Klæbo til Anton Chr. Bang. Den viser seg å vere ei svært viktig kjelde, ikkje berre til Elias Blix' biografi, men òg til målrørsla i Kristiania kring 1870.

Men først og fremst fortel breva (saman med eit par brev til Carl Johan Nielsen, som finst i handskriftsamlinga til Nasjonalbiblioteket) ei gripande historie om ein som elles gjerne har blitt nett ein biperson i andres liv. Klæbo må ha vore ein person utan hud, utan noko vern mellom seg sjølv og omverda, ein som bar sanseapparatet og nervane sine utanpå. Han er svært var for stemningar, han er høgt oppe og svært langt nede, og alt fortel han om. Mellom ingrediensane er ei nitrist skildring av einsam studentjul i hovudstaden, vonbroten kjærleik, men òg nær-himmelen-opplevingar knytte til venskap og natur. Det er ei historie om ein som strir - tyngre enn "nordlysa" Blix og Bang - for å kome seg opp og fram her i verda, ein evig student som ikkje greier å nå målet sitt. Særleg gripande er det å følgje det som viser seg å vere ein kamp på liv og død, etter kvart som tuberkulosen snik seg inn og får overtaket. Klæbo er mellom dei unge døde i krinsen av nordnorske klassereisande i hovudstaden. Han døydde av tæring i 1874 i Utne i Hardanger, der han hadde vore sidan sommaren 1871, i eit forsøk på å vinne att helsa.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?