<$BlogRSDUrl$>

29.6.04

Litt bokhistorie 

For å bli i familien: Det er bror Per Kristian som har gjort meg merksam på disiplinen "bokhistorie". Det er mykje å lære om det litterære feltet ved å studere dei høgst konkrete ytre rammene. Her kjem eit lite bidrag til ein biografi om Nokre Salmar:

Det første heftet kom altså ut anonymt ved påsketider 1869, "ei lita flis på tretti sider billeg papir", som Berge Furre har sagt. Opplaget var på heile 3000, det største i Samlaget sitt første år, og prisen var fire skilling.

Men salet var nok mindre enn venta, for opplaget for det andre (mars 1870) og tredje heftet (september 1875) vart redusert til 1500. Prisen var no resp. 8 og 12 skilling.

"Andre rettade og aukade Utgaava" (oktober 1883) inneheldt samtlege salmar frå dei tre opphavlege hefta, pluss eit dusin nye, tematisk ordna. Eg kjenner ikkje opplagstal eller slikt for denne utgåva. Men det var den som var i bruk i Telemarkskyrkjelydane som først song nynorske salmar i gudstenesta, juledagen 1884.

Og denne utgåva må Samlaget ha greidd å selje. I alle fall fann bokhandlar Mons Litleré i Bergen grunn til å gje ut ei uendra (tredje) utgåve. Og han tok godt i. I eit brev til kyrkjestatsråd Elias Blix dagsett 6. februar 1888 fortel han:
No er "Nokre salmar" ferduge frå prentaren. Bokbindaren held no på og bind dei inn. Eg tok upplaget på 2000 stykkje.
(Resten av brevet, som du kan lese her, er ei bøn til kyrkjestatsråden om kontrakt på den nye leseboka. Eg veit ikkje korleis det gjekk, berre at Litleré var uheldig med "timinga"; regjeringa Sverdrup var i full krise, og Blix gjekk av som statsråd 24. februar).

Men Nokre Salmar vart nok ingen suksess for Litleré. 28. november 1890 skreiv leiaren for Samlaget, Alexander Seippel, eit forsiktig og diplomatisk brev til han (her kjem ei av rosinene eg har fått frå Per E. Hem, han med Jørgen Løvland-biografien; om du vil, kan du lese heile brevet):
Som De veit, er professor Blix meint paa aa gjeva ut salmarne sine (4de utgaava) so snart som mogelegt. Helst vilde han no, at Samlaget skulde taka denne nye utgaava liksom dei tvo fysste; og Samlaget paa sin kant tor inkje sleppa ifraa seg fyrelagsretten til so gjæv ei bok. Men so kjem det i vegen, at De enno hev so mykje som 1400 exemplar liggjande av 3e utgaava. Visstnog er det, ettersom eg høyrer, paa eigje von og vaage De hev trykkt so stort eit upplag; men det er sjølvsagt, at me inkje gjarne vil gjera vaar eigjen kommissionær imot elder valda honom nokot tap, mykje helder maa det vera ei av vaare uppgåver aa stydja den einaste norske bokhandlaren so godt som me kann ...
Mellom linene skjønar vi at Blix no er svært målmedviten:
Han stend fast paa det, at han helst vil hava bokji ut so snart som raad er, og at han inkje kann kløyva henne i tvo lutar (soleis at barre[SIC] dei nye kjem ut fyr det fysste, som De meiner vilde vera best).
Den fjerde utgåva av Nokre Salmar, som kom i juli 1891, no MED forfattarnamn på tittelbladet, var organisert etter kyrkjeåret, som ei vanleg kyrkjesalmebok. Eg trur at Blix personleg, etter at Telemarkskyrkjelydane hadde teke salmane hans i bruk i 1884, la opp ein medviten strategi som i 1892 resulterte i godkjenninga av boka til bruk i gudstenesta.

Der må eg stoppe i dag. Men det er på 1890-talet det verkeleg tek av. "Fram til 1900 var salmebøkene av Elias Blix prenta i minst 214 000 eksemplar," ifølgje Ottar Grepstad.

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?