<$BlogRSDUrl$>

28.6.04

Nokre Salmar 

Eg held på med dei to første hefta av Nokre Salmar att. No strevar eg - som einkvar annan diktarbiograf - med å skrive verket inn i livet. Eg må snart få avslutta kapitlet om det lange 1860-talet (studietida i Kristiania, 1859-1871).

Noko av det første eg gjorde på BlixBlog, var å gå gjennom desse eldste salmane. No har eg laga elektroniske utgåver av dei to første hefta. Du kan sjå dei som .pdf-filer, laste dei ned til din eigen maskin, eller skrive dei ut. Bruk desse peikarane:

Nokre Salmar I (1869) (118 KB)
Nokre Salmar II (1870) (142 KB)

P. S. Om du lurar på det: Det er ikkje eg som har skrive "Cand. theol. Blix" på tittelbladet, det er H. G. Heggtveit. Han er altså mellom dei som har visst kven den anonyme forfattaren var, og det før han vart "dr. Blix" i 1876.

For å sjå .pdf-filer treng du gratisprogrammet Adobe® Reader®

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?