<$BlogRSDUrl$>

26.6.04

Rytmen 

Det er ikkje mykje ein får sagt på ei lita avisside. Eg er glad eg ikkje er journalist. Det var så mykje meir eg gjerne skulle sagt om kvalitetane til Dvergmål-plata Song i himmelsalar.

Eg talar om "den heilt eigne vokalklangen", men utan å få sagt noko vitugt om den presise samklangen mellom fire ulike røyster og dialektar - det solide fundamentet i form av Marit Mattisgard sin Valdres-alt; Øyonn Groven Myhren (frå Oslo/Hallingdal/Telemark/Noreg) som glitrar på toppen; hardingtonane som svingar seg mellom desse to frå Turid Spildo; og den einslege mannsrøysta frå Telemark, Jon Anders Halvorsen, i ulike roller. Kan hende finn vi den mest karakteristiske "sounden" i "Far utor dine skor": Jon Anders syng melodien, dei tre jentene følgjer tett i overstemmer. Men på plata opptrer dei i alle moglege kombinasjonar, solistisk, unisont, tostemt og fleirstemt.

Instrumentalarrangementa er eit kapittel for seg. Dette er som eit musikalsk "dogme"-prosjekt, reint akustisk lydbilete, og songarane spelar sjølv alle instrument: Hardingfele, langeleik, lyre, seljefløyte, harmonium. Sparsamt, men utruleg effektfullt, og framifrå framført.

Eg har tenkt ein del over kva som skjer med Elias Blix når Dvergmål tek tekstane hans i munnen. Det som slår meg sterkast, er kor musikalske Blix-tekstane er, så fulle av klang og rytme. Det er ikkje mykje å merke her til den gamle "seige og sene" professor som Henrik Hille lærde hebraisk av i 1900. Om eg skal peike på ein einskild faktor det er særleg grunn til å framheve i Dvergmål si Blix-tolking, må det vere nett det rytmiske elementet. Så spenstig går det an å gjere det - og det utan å bruke slagverk!

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?