<$BlogRSDUrl$>

23.7.04

Blix i krabbeperspektiv? 

Kva er det eigentleg som driv ein historikar, eller ein biograf? I svært mange tilfelle, trur eg, kjensla av at ein må gå bakover for å kome framover - "i krabbegang", gjerne det.

Kva for vegar viser tilfellet Elias Blix? Vel, han kan ha mykje å fortelje om vinning og tap ved geografisk og sosial mobilitet. Kan han òg ha noko å seie om korleis ein kan vere kristen i det 21. hundreåret, eller korleis ein kan vere norsk? Det er mogleg, men ikkje sjølvsagt. Kan hende krev det 21. hundreåret heilt andre svar? Men så langt har eg Forkynnaren si kjensle (1,9-10):
Det som var, skal alltid vera,
og det som hende, skal atter henda.
Det finst ingenting nytt under sola.
Vert det sagt om eitkvart: «Sjå, dette er nytt»,
har det likevel funnest før,
alt ifrå eldgamal tid.
"Das hört nicht auf. Nie hört das auf."

Bibelsitat frå Bibelen.no
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?