<$BlogRSDUrl$>

12.7.04

Bustaden 

Husväret til Emma og Elias Blix laag svärt sentralt i Leipzig. Dei budde hos familien Pöschel i Parkstrasse. Huset finst ikkje meir. Leipzig vart kraftig bomba under siste verdskrig, og dette er eit av kvartala som berre har nyare bygningar. Men gata ligg der, i dag heiter ho Richard Wagner-Strasse, og det er framleis park der, rett framfor jernbanestasjonen. Hauptbahnhof (bygd 1913) overlevde krigen. Den er bygd paa tomta til tre eldre jernbanestasjonar. Eg veit ikkje, men eg likar aa tru at familien Blix kom med toget nordfraa til Magdeburger Bahnhof.

Det var og kort veg til universitetet. Heller ikkje dei gamle universitetsbygningane overlevde krigen. Men det moderne universitetet (med högblokka som paa folkemunne vert kalla "visdomstanna") ligg same staden, ved Augustusplatz.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?