<$BlogRSDUrl$>

17.7.04

Krig 1813, 1866, 1870 

Ikkje berre den siste krigen har sett preg på Leipzig. Sør for sentrum finn du den store Völkerschlachtdenkmal, minnesmerket om det store slaget ved Leipzig i 1813, eit avgjerande nederlag for Napoleon Bonaparte.

Men klimaet i det Leipzig som Emma og Elias Blix møtte hausten 1871, var sterkare prega av to seinare krigar: Den tysk-austerrikske i 1866 og den tysk-franske i 1870. Ikkje fordi det var kamphandlingar eller øydeleggingar i sjølve byen, men fordi dei representerer to viktige fasar i Tysklands samling: I 1866 var kongeriket Sachsen (der Leipzig høyrer til) saman med Austerrike på den tapande sida, og landet måtte akseptere preussisk herredøme. Og etter sigeren i den felles krigsinnsatsen, først mot Napoleon III og seinare mot Pariskommunen, i 1870 vart Wilhelm I av Preussen utropa til tysk keisar. Det hende 18. januar 1871 - i spegelsalen i Versailles. Familien Blix kom altså til Leipzig i sjølve det året da Bismarcks visjon om eit samla Tyskland var blitt ein realitet. Dei opplevde ei av dei viktigaste endringane i tysk historie. Eg kan for lite om dette, men inntrykket mitt er at den norske stemninga i desse åra helst var pro-fransk. Kva for tankar Elias Blix har gjort seg om den politiske situasjonen, veit eg ikkje.

Men eg veit at begge dei viktigaste lærarane hans i Leipzig, professorane Fleischer og Delitzsch, var djupt personleg involverte: Dei hadde kvar sin son som tok del i den tysk-franske krigen. Samtlege brev eg har funne etter Fleischer i Leipzig (det finst nok andre, men dei har eg ikkje funne) er frå krigsåret. Og i Nasjonalbiblioteket i Oslo ligg eit brev frå Delitzsch til hans gamle ven professor Caspari i Kristiania, skrive etter dødsfallet til Delitzsch junior. Han gjorde teneste som feltlækjar og døydde av sjukdom - som heilt opp til vår tid har vore ein vanlegare dødsårsak i krig enn kamp.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?