<$BlogRSDUrl$>

12.7.04

Timeplanen 

Timeplanen til Elias Blix i Leipzig har eg relativt god oversikt over. Men nokre detaljar maa eg sjekke naar eg kjem heim. Han har fölgt förelesingar 10-12 timar i veka dei to semestra han var ´ved universitetet, vintersemesteret oktober 1871 - april 1872 og sommarsemesteret april - august 1872. Seks av timane höyrde han den kjende arabisten Heinrich Leberecht Fleischer (1801-1888), i to studerte han syrisk med professor og universitetsbibliotekar Ludolf Krehl, og resten brukte han paa hebraisk, särleg etterbibelsk (rabbinsk og mellomalderlitteratur), med teologen Franz Delitzsch. Som ein ser: Berre filologisk undervisning. Det er eitt unnatak: I vintersemesteret var han paa ei förelesingsrekkje over profeten Jesaja ved det teologiske fakultetet.

Det er gode kjelder til dette. Blix skreiv sjölv ein rapport til universitetet om studiereisa, og dei tre nemnde professorane har alle skrive attestar for han, som vedlegg til söknaden om adjunktstipendium tidleg i 1873. Her i byen har eg kontrollert opplysningane mot förelesingskatalogen.

Blix maatte tidleg opp. I sommarsemesteret starta Fleischer förelesingane klokka sju om morgonen, fire dagar i veka.

Naar Blix ikkje var i byen heilt til semesterslutt, men reiste ved utgangen av juli, trur eg det var av ökonomiske grunnar.

Send ein kommentar.
# lagt inn 12.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?