22.8.04
Liv og draum
Lanseringa av Mitt liv var draum, biografien Knut Olav Åmås har skrive om Olav H. Hauge, har fått mykje merksemd i veka som gjekk. Mykje skuldast god marknadsføring. Men det er ikkje berre det tunge PR-apparatet som gjer det interessant å samanlikne denne biografien med Hamsun-bøkene til Ingar Sletten Kolloen (på Gyldendal, den første kom i fjor, den andre kjem seinare i haust). Confessio: Eg har ikkje lese verken den eine eller den andre. Enno. Men det må eg få gjort. Som nykommar i biografifaget er eg nyfiken på korleis to røynde og reflekterte utøvarar som Kolloen og Åmås løyser oppgåva. Det gjer dei på heilt ulike måtar.
Det prinsipielle utgangspunktet til Åmås kjem til dømes fram i presentasjonen av boka i Dag og Tid:
Her handlar det i høg grad om prinsipiell usemje, om ulike syn på kva ein biografi skal vere. Christiansen er tydeleg usamd med programmet til Åmås. Borge, på si side er positiv:
Lesingane til Ingunn Økland (Aftenposten) og Tom Egil Hverven (NRK) forsøker begge å måle Åmås med hans eigne mål. Resultatet er kritisk, men meir balansert enn hos Christiansen. Hverven: "Han flytter merkesteiner ved å skrive en biografi som utvider kunnskapen om mennesket. Intet mindre. --- Men god fortelling er boka likevel ikke." Økland: "Det er et ambisiøst forsøk som kaller på oppmerksomhet. Derfor er det synd at "Mitt liv var draum" viser seg ikke å fungere godt nok, ja at den blir stående som en uforløst mastodont uten tydelig særpreg eller retning." Ja, at boka er for lang, er visst dei fleste samde om. Begge desse meldarane har elles kritiske innvendingar mot "Åmås' eksistensfilosofiske utlegning av Hauges liv". No trur eg nok Åmås har ei eksistensfilosofisk tilnærming ikkje berre til Olav H. Hauge, men til livet og tilværet generelt. Derfor finn eg ikkje denne kritikken heilt råkande; det må vel tvert om vere på dette punktet at "særpreg," "retning" og "perspektiv" er på det tydelegaste?
Det skal bli spennande å følgje debatten, og ikkje minst: Å lese boka. Men for i dag kan det høve å slutte med å gje att følgjande dementi (saksa frå Aftenposten):
Forlaget sin presentasjon.
Meir om Mitt liv var draum (06.09.2004).
Det prinsipielle utgangspunktet til Åmås kjem til dømes fram i presentasjonen av boka i Dag og Tid:
Knut Olav Åmås såg potensialet i biografi-sjangeren; som forskingsprosjekt og formidlinga av ei menneskeleg historie.Og i same avis:
– Men eg hadde ikkje tenkt over problema med å skriva ei forteljing om eit stilleståande liv som er fattig på ytre hendingar. Det tok ei stund før eg skjøna at det måtte vera eit strålande humanistisk prosjekt å skriva om eit liv som er ganske alminneleg, bortsett frå den alvorlege sjukdommen og den litterære suksessen, seier Åmås. Og understrekar at å skriva biografi er først og fremst å forhalda seg til skriftlege kjelder.
– I boka forklarar eg ikkje noko som helst. Forklaringar er irrelevante. Heile boka byggjer på at eg vil visa samanhengar og fenomen og trekkja liner – i trua på at alt som er viktig, finst på overflata. Eg trur på å oppnå forståing gjennom å sjå samanhengar og å analysera liner og kontekstar. Slik sett er det ein spesiell biografi. Eg synest ikkje det er ei verdig innstilling å tru at ein kan koma med forklaringar på verken eit heilt liv eller delar av det ...Løysinga Åmås har landa på, er denne (ifølgje presentasjonen i Morgenbladet):
Knut Olav Åmås’ Hauge-biografi bryter med leserforventningene på to minst måter: For det første ved ikke å fokusere på «avsløringer» – i motsetning til en viss Hamsun-biograf. For det andre ved å inkludere et «biografi-manifest» som verket selv nødvendigvis vil bli målt opp mot.Det ligg eit heilt menneskesyn, ein eksistensfilosofisk antropologi, bak vala til Knut Olav Åmås. Ja, "val" ser i det heile ut til å vere eit nøkkelord:
– Jeg har forsøkt å skrive det Stephen Walton kaller en «modernistisk» biografi, en biografi som viser frem og reflekterer over sjangerens fallgruver, kommenterer biografen.
– Jeg har hatt mye nytte av Marianne Egelands studie av biografisjangeren, som jeg selv i sin tid var redaktør for. Men jeg deler ikke hennes pessimisme på sjangerens vegne. På bokens siste 60 sider forsøker jeg å formulere et konstruktivt program for biografien som kjerneprosjekt i humanistiske fag.
En av Egelands innvendinger mot biografisjangeren er at den langt på vei er overtatt av skjønnlitterære forfattere. Åmås ønsker å dra biografien i motsatt retning – bort fra det fiksjonelle, mot den kjølige vitenskap. Derfor er også Mitt liv var draum fortalt i en nøktern, saklig tone, og noteapparatet strekker seg symptomatisk over nesten hundre sider.
– Etter mitt syn er idéhistorie og historie de fagene som best kan videreutvikle biografisjangeren, ikke litteraturvitenskapen, sier Åmås, og understreker:
– Boken har ingen ambisjoner om å «kaste nytt lys» over Hauges verk. Tvert imot: Jeg vil vise at en dikterbiografis legitimitet ikke ligger i et slikt forsett. Det å legge frem en vitenskapelig fremstilling av et enkeltmenneskes liv har bestandig egenverdi.
Når Åmås betegner Mitt liv var draum som en «eksistensialistisk» biografi, er det blant annet fordi han hele veien – i likhet med Hauge selv, i dagbøkene – betoner at mennesket er arkitekt for sitt eget liv, fra første til siste minutt: «Valet var støtt hans eige, aldri nokon annans; aldri for tidleg, aldri for seint, berre alltid mogleg. Det er mange fakta i verda ein ikkje kan endra, men ein kan endra blikket ein har på verda. Den lukkeleges verd er ei anna enn den ulukkeleges verd, skriv Wittgenstein. Lukke er eit val. Olav H. Hauge las liv i sitt liv; det gode liv var det beste av dei som var moglege for han.»Meldingane av boka så langt tyder på at vi kan få ein interessant biografidebatt med utgangspunkt i Hauge-boka til Åmås. Ytterpunkta må vere Torunn Borge si overstrøymande positive melding i Dagsavisen og Atle Christiansen sitt slakt (det er det einaste ordet som duger) i Dag og Tid. Den siste meldinga er ikkje lagt ut på nett, så eg gjev til beste nokre sitat. Det tek til alt med ingressen:
(Morgenbladet)
Knut Olav Åmås har gjort det lett for seg sjølv og vanskeleg for lesaren. Den nye biografien om Olav H. Hauge er blitt ein koloss der kjeldene plaprar ustanseleg mens Åmås knapt seier noe på over 700 sider.Og det er meir av same slag.
---
Åmås vil vere open og gripe alt og grip derfor ingenting.
---
Han ønskjer også å føre ei neddempa og open forteljarstemme, skriv han. Og ganske snart blir det tydeleg at dette er ein biografi som knapt har eigne karakteristikkar av objektet sitt, med ei forteljarstemme som er spak og ikkje prioriterer, hierarkiserer eller fortolkar kjeldene sine i nemneverdig grad.
---
Når Åmås vel å la mange kjelder spele seg ut mot einannan utan å samanfatte, avgrense og fortolke klart og tydeleg, har han jo ikkje noe perspektiv på saka, anna enn det vage omrisset kjeldene bidrar med. Dermed forsømmer han seg som forfattar, for jamvel om det innimellom kan vere rett å vise fram i staden for å fortelje og kommentere, så handlar tekstskriving om å snøre inn eit stoff. Å skrive er å velje bort og avgrense.
Her handlar det i høg grad om prinsipiell usemje, om ulike syn på kva ein biografi skal vere. Christiansen er tydeleg usamd med programmet til Åmås. Borge, på si side er positiv:
Noen kunne kanskje innvende at Åmås i for stor grad lar kildene tale for seg selv, at han som biograf ikke er sterkt nok til stede. Etter min mening er ikke dette en valid innvending. Tvert imot gir denne rike kildeveven troverdighet til Åmås' kommentarer og drøftinger, men først og fremst legger spillet mellom kildene for dagen det motsetningsfylte også mellom Hauges syn på seg selv og omverdenens reaksjoner.Også Eldrid Lunden (Morgenbladet) og Øystein Rottem (Dagbladet) gjev i hovudsak sympatiske lesingar både av programmet og gjennomføringa.
Lesingane til Ingunn Økland (Aftenposten) og Tom Egil Hverven (NRK) forsøker begge å måle Åmås med hans eigne mål. Resultatet er kritisk, men meir balansert enn hos Christiansen. Hverven: "Han flytter merkesteiner ved å skrive en biografi som utvider kunnskapen om mennesket. Intet mindre. --- Men god fortelling er boka likevel ikke." Økland: "Det er et ambisiøst forsøk som kaller på oppmerksomhet. Derfor er det synd at "Mitt liv var draum" viser seg ikke å fungere godt nok, ja at den blir stående som en uforløst mastodont uten tydelig særpreg eller retning." Ja, at boka er for lang, er visst dei fleste samde om. Begge desse meldarane har elles kritiske innvendingar mot "Åmås' eksistensfilosofiske utlegning av Hauges liv". No trur eg nok Åmås har ei eksistensfilosofisk tilnærming ikkje berre til Olav H. Hauge, men til livet og tilværet generelt. Derfor finn eg ikkje denne kritikken heilt råkande; det må vel tvert om vere på dette punktet at "særpreg," "retning" og "perspektiv" er på det tydelegaste?
Det skal bli spennande å følgje debatten, og ikkje minst: Å lese boka. Men for i dag kan det høve å slutte med å gje att følgjande dementi (saksa frå Aftenposten):
"Vi kom i skade for å skrive feil tittel på Knut Olav Åmås' biografi om Olav H. Hauge i gårsdagens avis. "Mitt liv var dram", ble den hetende i en reportasje." Åmås skrev selv den korte rettelsen i Dagbladet, da en veldig viktig u hadde forsvunnet. "Forfatteren Hauges liv var av det atskillig tørrere slaget innimellom 5000 bøker i hyllene i Ulvik. Inntil det motsatte er bevist, insisterer Åmås på å beholde den opphavlige boktittelen, "Mitt liv var draum".Meldingar:
- Aftenposten/Oslopuls 18.08.2004 (Ingunn Økland)
- Dagsavisen 18.08.2004 (Torunn Borge)
- NRK.no 19.08.2004 (Tom Egil Hverven)
- Dagbladet 19.08.2004 (Øystein Rottem)
- Bergens Tidende 19.08.2004 (Jan H. Landro)
- VG 19.08.2004 (Guri Hjeltnes)
- Morgenbladet 20.08.2004 (Eldrid Lunden)
- Dag og Tid 21.08.2004 (Atle Christiansen)
- Vårt Land 23.08.2004 (Marianne Lystrup)
- Haugesunds Avis 18.08.2004 (Truls Horvei)
- NTB 19.08.2004
- Klassekampen 19.08.2004 (Nils-Øivind Haagensen)
- Morgenbladet 20.08.2004 (Bendik Wold)
- Nationen 20.08.2004 (Vidar Kvalshaug)
- Vårt Land 20.08.2004 (Arne Guttormsen)
- Dag og Tid 21.08.2004 (Ottar Fyllingsnes 1)
- Dag og Tid 21.08.2004 (Ottar Fyllingsnes 2)
- Aftenposten 21.08.2004 (Halvor Hegtun)
Forlaget sin presentasjon.
Meir om Mitt liv var draum (06.09.2004).
Kommentarar:
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Nei, eg har ikkje drive sensur. Eg har berre eksperimentert med den nye kommentarfunksjonen, for å sjå at den verkar. Om du vil ytre deg i høve Hauge-biografien til Åmås eller biografiskriving generelt, vil eg gjerne høyre på.