<$BlogRSDUrl$>

14.8.04

Namnet 

I går fekk eg ei triveleg helsing frå Helge R. Næss, med bustadadresse London og interesser for mangt, mellom anna slektsforsking. Han stiller eit spørsmål fleire har undra seg over: "Men hvorfor i allverden kalte Elias seg Blix? Jeg er svak på dette området, men vet ikke at det var noen slektskapsforbindelse til Blix?"

Som svar skreiv eg:
Nei, du har rett. Elias stammar ikkje frå noko Blix-slekt. Dette er ei soge som handlar om oppkalling, samt om "mine, dine og våre barn" - som ikkje er ei moderne problemstilling, berre at det tidlegare gjerne var død, og ikkje skilsmisse, som framkalla den:

Mor til Elias Blix, Margrethe Christophersen (1808-1857), var dotter til Christopher Nilsen og Anne Helgesdotter på Mårnes i Gildeskål. Men Christopher døydde tidleg (1814), og enkja Anne gifta seg opp att. Den andre ektemannen hennar var enkjemannen Peder Nilsen på Hustad i Gildeskål. Første kona til denne Peder var Margrethe Susanna Rist Blix (1766-1814), som altså VAR av Blix-ætta. Med Margrethe hadde Peder sonen Elias Pedersen Blix (1794-1835), som vart buande på Hustad. Margrethe voks opp saman med denne "stebroren". Sonen som ho fekk kort tid etter at den eldre Elias var død, vart oppkalla etter han: Han fekk "Elias Blix" som FØRENAMN. Seinare i livet nytta han Blix-namnet som ETTERNAMN, etter eige utsegn, fordi foreldra ville det slik. Noko lovgjeving som regulerte bruken av namn var det, så vidt eg veit, enno ikkje. I offisielle papir er E. B. likevel "Elias Blix Pedersen" både i lærarskuletida på 1850-talet og i Universitetet sine papir fram til embetseksamen i 1866.
Eg kan leggje til at Inge Johnsen har skrive "Om slekten Rist og noen etlinger på våre trakter [mellom anna Margrethe Susanna Rist Blix & son]" i Gildeskålboka 23 (2003) s. 63-67. Og eg har tidlegare gjeve att eit interessant dokument her på bloggen der Elias Blix sjølv gjer greie for namneforviklingane sine.

God helg!

Send ein kommentar.
# lagt inn 14.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?