<$BlogRSDUrl$>

24.8.04

Samiske røter 

Det får vere nok datapreik for i dag. Det er jo Elias Blix og biografien hans det skal handle om.

Eg har fuska noko i slektsforskarfaget i det siste. Eit av funna interesserer meg. Det er med Elias Blix som med mange andre av oss som er fødde i Nord-Noreg: Han hadde eit samisk element i slektsbakgrunnen sin som han ikkje visste om.

Funnet er ikkje nytt, Øystein Ringaker har publisert det alt i 1986, i artikkelen "Farsslekta til Elias Blix," Gildeskålboka 6, s. 30-32. Kortversjon: Farsslekta til Elias Blix kom frå garden Breivik ved Beiarfjorden. Den første oppsitjaren vi kjenner namnet til, Olle Brevigen, sannsynlegvis tipp-tipp-tipp-tippoldefar til Elias Blix, høyrde til den gamle sjøsamiske busetjinga i Beiarn og betalte "finneskatt" i 1636/37.

Ingen har gjort noko poeng av dette funnet i dei 18 åra som er gått sidan den første publikasjonen til Ringaker, så lat meg prøve.

Er dette eigentleg viktig? Frå ein synsvinkel, nei: Ein kan ikkje hevde at denne bakgrunnen skulle spele noka rolle for identitetsdanninga eller psykologien til Elias Blix. Essensialistiske tankar om etnisitet, spekulasjonar om "folkekarakter" og tvilsame "folkepsykologiske" teoriar, har det vore mange av gjennom historia. Spora skremmer, jamvel i vårt eige land, og rasismen ligg nær.

Elias Blix sjølv har aldri visst om denne samiske bakgrunnen, så dette er ikkje noko han har "fortrengt" eller bore som ein "løyndom". Sjøsamane i Beiarn ser ut til å ha vore assimilerte alt tidleg på 1700-talet. Det finst eit anna samisk element i folkesetnaden i Beiarn, "skoglappane" som busette seg i marka noko seinare, men dei har ei anna historie.

Men i eit større historisk perspektiv er funnet viktig. Det handlar om den systematiske usynleggjeringa av det samiske i norsk, og særleg nordnorsk, historie. Eg har reflektert over dette fleire gonger alt her på bloggen. Noko av det første eg oppdaga da eg tok til med primærkjelder, var at Elias Blix lærte seg samisk språk på lærarseminaret i Tromsø, ein institusjon som hadde som ei sentral oppgåve å utdanne lærarar til strøk der samisk språk og kultur stod sterkt. Men ingen av dei som har skrive om Elias Blix tidlegare, har funne grunn til å nemne dette med eit einaste ord. Heller ikkje har dei nemnt at kyrkjeminister Elias Blix faktisk var politisk ansvarleg for det norske storsamfunnets kultur-, skole- og kyrkjepolitikk andsynes den samiske minoriteten gjennom halve 1880-talet.

Av livshistoria til Elias Blix prøver eg å lage meg eit par briller som kan gje skarpare innsikt i det norske samfunnet som voks fram i løpet av 1800-talet. I den samanhengen vert det samiske elementet viktig.
# lagt inn 24.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?