<$BlogRSDUrl$>

13.8.04

Slekta 

Berre så vidt heimkomen frå Gildeskål og Beiarn registrerer eg at det er to nettdiskusjonar gåande om forfedrane og -mødrene til Elias Blix i slektsforskarmiljø: Denne, på Google-gruppa no.fritid.slektsforsking.etterlysing, og denne, på Digitalarkivet sitt Brukarforum.

Farfar og farmor til Elias Blix, Christoffer og Ingeborg, har tidlegare vore forveksla med eit anna par med same fornamn. Dei fleste biografiane som er skrivne til no byggjer på den feilaktige versjonen. Unnataket er den nyaste, til Finn Tømmerberg (1999). Dei rette besteforeldre kom frå Strand (og ikkje frå Voll) i Beiarn. Frank Johansen gjev at dei rette opplysningane her (Google). Eg tillet meg å sitere mitt eige innlegg på brukarforumet til Digitalarkivet:
Eg skriv for tida på ein større biografi om Elias Blix. Eg har nett hatt den gleda å vitje Gildeskål og Beiarn, der eg hadde ein svært nyttig dag saman med den rause og kunnskapsrike Øystein Ringaker. Han har gjennom fleire publikasjonar kartlagt farsslekta til Elias Blix i Beiarn:

'Elias Blix si farsslekt i Beiarn.' Årbok for Beiarn 1 (1981), 40-41.

'Farsslekta til Elias Blix.' Gildeskålboka 6 (1986), 30-32.

Beiarn - natur, kultur og slekt gjennom tidene. Del 1: Tida fram til 1801 (Beiarn: Beiarn historielag / Sussi H. Gabrielsen forlag, 2004).

Frank Johansens versjon av farsslekta, som Torgeir Kvalvaag har vist til, er korrekt, så langt eg kan sjå. Eg legg til nokre observasjonar og informasjonar:

1. Ringaker peikar på at det ligg ei forveksling her av to par på grunn av namnelikskap (Christoffer og Ingeborg), noko han tilskriv forfattaren av Beiarboka frå 1943. Men forvekslinga (for ei forveksling er det) er nok eldre, og den har jamvel levd innanfor familietradisjonen: Peder Ravik (son av Ole Pareli Pedersen og brorson til Elias Blix) skreiv i eit brev til Lars Eskeland 27.12.1928 (UB Bergen, Ms. 1857b): 'På gården Vold i Beiaren var Eliasses Far født.'

2. Eit interessant poeng, som går fram av oppstillinga til Johansen: Foreldra til Elias Blix var tremenningar. Fedrane deira, Christoffer Olsen og Christopher Nilsen, var sikkert begge oppkalla etter deira felles bestefar (morfar til C. O. og farfar til C. N.): Christopher Jebelsen Arstad frå Beiarn.

3. Eg kan leggje til at Elias Blix faktisk IKKJE var den førstefødde i heimen til Margrethe og Peder Christophersen. Dei hadde fått ein son, Christian Nicolai, 30.01.1835, vel eitt år før Elias vart fødd. Han vart heimedøypt, men døydde alt 07.02.1835, berre ei veke gammal. Eg har aldri sett dette på trykk, men kyrkjeboka for Gildeskål har innførsler både under fødsel og dødsfall.

Elles er eg svært interessert i å kome i kontakt med fleire som er i slekt med eller har opplysningar om Elias Blix. Kontakt meg gjerne privat. Eg tillet meg å vise til 'vevloggen' min, BlixBlog
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.8.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Da jeg er blitt fortalt at jeg stammer fra Elias Blix, lurer jeg på hvem barna hans var. Har ikke lyktes med å finne noe som helst om hans etterkommere, noe som ergrer meg, siden det fører til en stans i slektsgranskingen min. Håper du kan hjelpe!
Av Anonymous Daniel Norseth, 1:09 a.m.  
Hei min oldemor Ingeborg Storjord hennes bestemor Maren Larsen som hadde en bror som heter Peder som fikk en sønn Elias Blix.
Mener at dette er riktig. Har lest dette i kirkeboka for Beiarn.
Av Anonymous Anonym, 11:06 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?