23.9.04
124 år
I dag er det fødselsdagen til Einar Blix (1880-1941), den mellomste av dei sju Blix-barna som levde opp.
Einar fekk polio som liten, og han var heile livet merka av det. Mellom Blix-barna var han den som i høgast grad slutta opp om faren sitt standpunkt i målspørsmål. Han var til dømes mellom stiftarane av Studentmållaget.
Frå ungdommen fortel den legendariske Dagbladet-redaktøren Einar Skavlan:

[Ragnvald] Blix's far, professor Elias Blix, bodde på hjørnet av Holtegaten og Briskebyveien, i samme leilighet som professor Francis Bull nå har. [Ragnvald] Blix hadde værelse sammen med sin litt eldre bror Einar, som gikk i parallellklassen [på Otto Anderssens skole]. Og på dette værelset møttes en 5-6 gutter fra klassen nesten hver eneste ettermiddag i lang tid. Hvordan Blixene skulle få tid til å lese lekser var ufattelig. Ragnvald fløt iallfall på sitt lette hode. Her ble diskutert og politisert og ledd av alt og alle. Vi var venstremenn alle sammen.Av utdanning var Einar Blix jurist, han vart byråsjef i Rikstrygdeverket.
("Fra guttedagene," i Blix: En kavalkade gjennom 50 år. Utgitt til Ragnvald Blix' 70 års dag 12. september 1952, Oslo: Dreyer
Kommentarar:
Eg forstår at Einar Blix var medlem av Studentmållaget, men kva kjelder har du på at han var ein av stiftarane?
Broren Ivar Blix noterte i sine "Erindringer" (som han tok til å skrive ned i jula 1941, etter Einars død): "Dessuten ble [av arven etter Einar] kr. 10 000 lagt til Maries [avdød søsters] legat og kr. 1000 til Studentmållaget, som han var med å stifte."
Litt tynt med berre denne eine (sekundær)kjelda, eg innrømmer det.
Litt tynt med berre denne eine (sekundær)kjelda, eg innrømmer det.