18.9.04
Cathinka
Faste gjester på BlixBlog (takk, mor) vil kan hende hugse at eg i sommar prøvde å kartleggje omgangskrinsen til Emma og Elias Blix i Leipzig gjennom året 1871-1872. Eg kom eit stykke, eg fann eit par jamaldringar av Emma som studerte ved musikkonservatoriet i byen, Johanne Rytterager og Sophie Cathinka Jacobsen. Om Johanne fann eg ein god del opplysningar, men forsøket på å identifisere Cathinka måtte eg gje opp. Synd, for ho var nok den næraste venninna til Emma, til og med fadder for eldstebarnet, Hans Peter Blix.
I denne veka har eg hatt ei sers interessant utveksling av informasjon med Leif Kåre Solberg. Han har greidd det! Han skriv:
I denne veka har eg hatt ei sers interessant utveksling av informasjon med Leif Kåre Solberg. Han har greidd det! Han skriv:
Hun må være den Sofie Kathinka Jakobsen, født 23. April 1849 i Christiania, datter av Ole Jakobsen, som 1. november 1879 giftet seg med papirhandler Rikard Andvord på Stortorvet. I 1900 var paret standsmessig bosatt i Homansbyen (Riddervolds Gade 3) og hadde tre barn.Dessutan er han svært godt kjent med familien Rytterager. Til dette har eg to kommentarar, 1) ein stor takk til Solberg, og 2) ein tanke om internett som effektivt medium for utveksling av informasjon - til dels på heilt overraskande måtar.