13.9.04
Dagens Blix/Johannes
Johannes 6,48-51
48 Eg er livsens Braud.
49 Federne dykkar aat Manna i Øydemark og døydde.
50 Dette er det Braudet, som stig ned fraa Himmelen, at ein skal eta av det og ikkje døy.
51 Eg er det livande Braud, som er nedstigen fraa Himmelen; um nokon et av dette Braud, han skal liva i all Æva; og det Braud, som eg vil giva, er mitt Kjøt, som eg vil giva fyre Liv aat Verdi".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)
Det har vore lite salmar på BlixBlog i det siste. Men eg insisterer framleis på vekselverknaden mellom bibelspråk og salmespråk hos Elias Blix. "I øydemark forutan Braud" er ein av dei salmane som var nye i 1891-utgåva av Nokre Salmar. Eg siterer dei tre siste versa, som døme på simultanarbeidet til Blix med bibelomsetjing og salmedikting:
Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.

Som Manna fyrr i Øydeland / Du Himmelbraud oss giva kann:Ein kan ikkje skulde (eventuelt heidre) Blix for å vere udogmatisk. I ei tid da den tradisjonelle nattverdteologien var ein intellektuell støytestein (vel, det har den vore heilt frå evangelisten Johannes' dagar; Jesus-ordet om å "eta Kjøtet til Menneskjesonen og drikka Blodet hans" [6,53] høyrest rimeleg krasst ut alt i evangeliet) gjev han utan problematisering att dei tradisjonelle dogmatiske vendingane. Men den personlege signaturen er òg med, eg tenkjer ikkje minst på lina "Gjer Øydor til Guds Hagar". Blix sit, som vanleg, i Edens hage og skriv.
Du Livsens Føda lagar.
Naar Hjartat lid av Hunger hardt, / Og Verdi ligg som Øyda svart,
Du som i gamle Dagar / Gjer Øydor til Guds Hagar.
Du er det sanne Manna, som / Med Liv i Øydelandet kom,
Det Land, som Dauden snøydde:
Aa giv oss Tru, so Liv me faa / Og ikkje Fedrom likjast maa,
Som Manna aat og døydde, / Daa ut deim Vantru øydde.
Ja framfyr alt den Mat oss giv, / Som varer til eit evigt Liv,
Lat Livsens Kjelda fløda!
Du Jesus Krist, vaart Himmelbraud, / Som metta kann til Liv ein daud,
Guds Rikes gode Grøda: / Aa giv oss denne Føda!
(E. Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 53
Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.