<$BlogRSDUrl$>

13.9.04

Jakob Sande 

Men det gildaste ved Dag og Tid 37 var no likevel vedlegget, den nye diktaravisa om Jakob Sande. Sande fekk sjølvsagt fortent merksemd på seminaret "Spott og salmar" i Ivar Aasen-tunet i fjor, og det var fint å sjå han att her. Eg gler meg over mykje, sjølv om eg saknar min personlege Sande-favoritt: Den apokalyptiske (og/eller mystiske), ekstatiske teksten "Då Gud heldt fest i Fjaler", der det bibelske universet og den nære naturen går opp i ein høgare einskap som brått gjer kvardagslivet gjennomskinleg, transparent, og uendeleg verdfullt. Det er den same opplevinga eg har med dei beste Blix-salmane -- trur eg (for no å seie det med Jakob S.).

Eit høgdepunkt er Olaug Nilssen si lesing av pasjonssalmen "Du som låg i natti seine" - i rommet mellom "Etter ein rangel" og Johannesevangeliet - som "tvilserklæring". Ho vert litt forsiktig mot slutten, trekkjer seg nesten i nedslaget, men avsluttar støtt:
Men på same måte som eg-et i "Etter ein rangel" fråskriv seg ansvaret for sine eigne ytringar med å avslutte alle saman med "trur eg", fråskriv eg-et i "natti seine" seg ansvaret for å bli frelst. Eller sagt på ein annan måte: Eg-et legg det i herrens hender, men berre viss dei verkeleg har hol tvers igjennom.
Ein slik lesar burde inviterast til å førelese for teologiske studentar. Det er vel ikkje så realistisk, kan hende ville både ho og dei synest det blei for skummelt. Men det er eit perspektiv her som eg skulle ønskje dei fekk innsyn i. Ja, dei kan jo lese Dag og Tid, sjølvsagt.

# lagt inn 13.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?