<$BlogRSDUrl$>

14.10.04

Disposisjon 

ELIAS BLIX: EIN BIOGRAFI

Del I
Prolog: Reisa (Magdeburger Bahnhof, Leipzig, ein oktoberdag i 1871)
1. Gildeskål (1836-1853)
2. Tromsø (1853-1859)
3. Kristiania (1859-1871)
4. Leipzig (1871-1872)

Del II
Prolog: Festen (Gamle Logen, Kristiania, 19. mai 1901)
5. Akademikar (1872-1884)
6. Statsråd (1884-1888)
7. Salmediktar (1888-1900)
8. Ikon (1900-1902)
-------------------

Slik ser den nyaste versjonen av disposisjonen min ut, med åtte hovudkapittel. Logikken i første hovuddel skulle vere klar. Bustadene representerer tydelege epokar i den første halvdelen av livet til Elias Blix, og reisemotivet er eit godt symbol: Den geografiske reisa er samtidig ei sosial, ei klassereise, men den fører hovudpersonen i eksil.

Den andre hovuddelen har eg streva meir med. Statsrådstida skiljer seg ut frå tida før og etter. Det rikspolitiske livet til Elias Blix var kort, men innhaldsrikt. Overskriftene over kapitla 5 og 7 treng derimot ei forklaring. Blix var da professor heilt til han døydde, og han skreiv da salmar lenge før 1888. Men poenget mitt er å få fram kva rolle han spela i det offentlege rommet gjennom siste halvdel av livet sitt.

For å ta hovudpoenget først og setje det på spissen: Salmediktaren Elias Blix blir til i 1890. I songboka Kirkeklokken, utgjeven av Birger Hall dette året, set Elias Blix for første gong namnet sitt under salmane sine. Heilt til da har forfattaren av Nokre Salmar halde på anonymiteten. Sjølvsagt var det mange som kjende til kven forfattaren var før den tid, men prinsipielt gjev det meining å hevde dette synspunktet (Elias Blix syner seg dermed som den perfekte forfattar for somme litteraturvitskaplege tilnærmingsmåtar: Han stiller seg ikkje i vegen for verket sitt). Det biletet vi i dag har av Elias Blix, er i høg grad ein funksjon av dei ti siste åra av livet hans. Før den tid bygde han seg opp som offentleg person på andre arenaer: Den akademiske og den politiske.

Eg har vurdert å kalle det 5. kapitlet "Ein professor", ein intertekstuell referanse til Johan Vibes En Professor: Fortælling (Kristiania: Cammermeyer, 1882), eit stykke satirisk (og for lengst gløymd) skjønnlitteratur der eg er overtydd om at Elias Blix har levert mange trekk til biletet av hovudpersonen (dette skal du få høyre meir om seinare, eg har noko kjeldegransking att). No vart jo Blix først professor i 1879, og han heldt fram med det etter statsrådstida. Poenget mitt er å vise at det var den akademiske karrieren han bygde opp i løpet av 1870-talet som gjorde han til offentleg person, og at dette var ein inngangsbillett både til den politiske og den litterære arenaen.

Som du kan hende har skjøna dersom du har vore innom BlixBlog i det siste: Eg har begynt med starten, og skriv for tida på kapittel 1. Kapittel 2 og store delar av kapittel 3 har eg skrive gjennom ein gong tidlegare, dei må endrast noko. Men eg må hengje i. Eg kappskriv med statistikar og medbratjist Kathrine (lærebok i statistikk). Avtalen er: Halve boka til nyttår ...
# lagt inn 14.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?