<$BlogRSDUrl$>

20.10.04

Fagkrinsen 

"Menighetsskolens tid" har Brynjar Haraldsø kalla dei første hundre åra i historia om allmugeskolen i Noreg. Den første landsomfattande forordninga om skolen kom i 1739, tre år etter at konfirmasjon var blitt obligatorisk. Allmugeskolen var for konfirmasjonsførebuing å rekne, med kristendomskunnskap og lesing som sentrale fag, skriving og rekning som valfrie. Lova av 1827 gjorde skriving og rekning obligatorisk, og nemnde dessutan song – etter salmeboka – som del av fagkrinsen. Men det ser ikkje ut til at denne skjerpinga fekk så mykje å seie i praksis. Det var eit fåtal vidarekomne elevar som fekk opplæring i skriving og rekning. I Gildeskål var det ingen elev som fekk undervisning i noko av desse faga, verken i 1837 eller i 1840 (dei to åra finst det nasjonal skolestatistikk for, den neste er for 1853). Det tyder på eit heller lågt ambisjonsnivå for allmugeskolen. Det var nok mange stader det mangla rekneundervisning, men alle dei andre prestegjelda i Salten prosti hadde i det minste nokre få elevar som fekk skriveopplæring – med unnatak av Hamarøy (i 1837) og Lødingen (i 1840). Her er det verd å merke seg følgjande resonnement frå den lange innleiinga til den nasjonale skolestatistikken for året 1837:
Den slutning med hensyn til Lærernes Dygtighed, som man af disse Talangivelser har uddraget, lader sig ikke numerisk opgive, men vist er det, at der fandtes enkelte Districter, især i de nordligste Præstegjelde af Riget, hvori intet Skolebarn var kommet videre end til Læsning og Christendomskundskab, fordi Skoleholderen selv hverken forstod at skrive eller regne.
Med andre ord: Statistikkskjemaets spørsmål om kor mange elevar som fekk undervisning i desse faga, var – til ein viss grad – eit lurespørsmål, som i røynda gav informasjon om kvaliteten på lærarane. Med atter andre ord: Mykje tyder på at lærar og kyrkjesongar Helge Helgesen sjølv ikkje var i stand til å skrive og rekne – i alle fall ikkje godt nok til å lære det frå seg til andre. No kan det nok hende at ein slik konklusjon er forhasta. Det høyrde nemleg med mellom pliktene til kyrkjesongaren å skrive av opplysningane frå kyrkjeboka i ein duplikatprotokoll, og denne klokkarboka er for Gildeskåls vedkommande sirleg ført frå 1820 og utetter (sjølv om ein skal ikkje utelukke at ein annan enn kyrkjesongaren kan ha ført protokollen). Men ein kan i det minste slå fast at verken kyrkjesongaren, som i tillegg til sjølv å vere lærar hadde ansvar for opplæringa til kollegaene sine, eller soknepresten, som var høgste lokale autoritet i skolespørsmål, prioriterte skrive- eller reknekunsten særleg høgt.
# lagt inn 20.10.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Nei, det er ingen tvil: Helge Helgesen KUNNE skrive. Eg har tatt ein titt på klokkarbøkene, og klokkarboka for 1841-1861 seier tydeleg på tittelbladet: "Ført av Kirkesangeren". Handskrifta er litt knudrete, men fullstendig leseleg - sjølv om den ikkje kjem i nærleiken av den sikre handskrifta som plutseleg tek over sommaren 1846. Den høyrer til den første seminarutdanna læraren i Gildeskål, Hans Hansen. Meir om han seinare.
Av Blogger Anders, 10:33 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?