6.10.04
Statsbudsjett
Det er tid for dei store rituala i det offentlege rommet. I dag: Statsbudsjettet. I dag og i morgon er alle massemedium fulle av illustrerte forklåringar på kva som vil hende med lommeboka DI dersom dette budsjettet blir vedteke (det vert det som kjent aldri, det vi sit att med etter kompromissforhandlingar på overtid i desember kjem til å vere noko heilt anna). Slike populistiske vinklingar er sjølvsagt framande på BlixBlog. Moms og annan skatt, sjukeløn og kommuneøkonomi let vi òg andre få ta seg av. Her er det særinteressene som skal få rå.
Eg har enno ikkje funne informasjon om statlege rammer for bibelomsetjing eller salmedikting. Eg vil gjerne ha eit tips om nokon finn løyvingar til desse viktige samfunnsområda.
- Nynorsk: "Vonbrot over statsbudsjettet" (Nynorsk kultursentrum)
- Kyrkje: "Prioriterer trosopplæring" (Vårt Land)
- Skole: "Rimelig fornøyd" (Utdanningsforbundet)
- Universitetet i Oslo: "Ingen pengar til nytt informatikkbygg"
- Nord-Noreg: "Nordnorske truser stinker mest" (Nordlys)
Orsak, det er visst ikkje regjeringa si skuld. Men "Ingenting til Hamsunsenteret" (Avisa Nordland) er.
Eg har enno ikkje funne informasjon om statlege rammer for bibelomsetjing eller salmedikting. Eg vil gjerne ha eit tips om nokon finn løyvingar til desse viktige samfunnsområda.