3.10.04
Talen
Direktøren ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, heldt den fjerde årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur onsdag i veka som gjekk, 29. september - som vanleg rett før "beretninga om rikets tilstand" i Stortinget. Målfolk er flinke med symbol.
Temaet i år var "Den språklege lekkasjen". Rikt illustrert med statistikk (Grepstad tek her opp i seg tradisjonane både frå Peder Hovdan og Stein Rokkan) handsamar Grepstad fenomenet språkskifte - overgangar frå nynorsk til bokmål - frå mange ulike, og til dels overraskande, synsvinklar.
Men ingressen til Sunnmørsposten er misvisande:
Sjå òg Nationen, NRK.

Kvar tredje nynorskbrukar skiftar til bokmål. Det går gale ein stad mellom konfirmasjonen og dei fyrste åra i yrkeslivet. Folk fødde mellom 1940 og 1970 har vore særleg svikefulle.Grepstad har vakta seg vel for å bruke ord som "svik". I det heile er han meir oppteken av dei strukturelle og politiske faktorane som påverkar språkval enn av å trekkje folks personlege moral og integritet i tvil.
Sjå òg Nationen, NRK.