<$BlogRSDUrl$>

26.10.04

Visitas 

Nei, det er ikkje bispevisitasen i Enebakk førre veka eg tenkjer på, eg slapp helst billeg unna den.

Men dag 2 i Trondheim har stort sett gått med til å lese visitasberetningar frå Gildeskål i 1840-åra. Dei ligg i Statsarkivet.

Ein liten nedtur i dag. Det finst ingen skikkeleg katalog verken til Gildeskål sokneprestarkiv eller til prostearkiva for Salten/Søre Salten (prostiet vart delt i 1850), noko som gjer leitinga mykje vanskelegare. Men visitasprotokollen har eg altså funne. Prosten skulle i prinsippet visitere alle prestegjeld kvart år, biskopen kvart tredje. Ingen av dei greidde heilt å nå dei måla, men protokollane gjev nesten årvisse rapportar om tilstanden i kyrkje og skole - ikkje minst det siste.

Eg er nøydd til å revidere ein del ting eg har trudd. Med utgangspunkt i skolestatistikken frå 1840 har eg meint at Elias Blix begynte i ein 1700-talsskole, der ingen elevar lærte å lese eller skrive. Men det skjer mykje med skolen i Gildeskål i løpet av dette tiåret: Talet på lærarar aukar frå fire til seks, det blir innført undervisning i skriving og rekning, det blir oppretta fastskole på Moldjord i Beiarn, seinare òg på klokkargarden på Inndyr i Gildeskål. I Beiarn får dei til og med oppretta ei "Almuebogsamling," med ein bestand på 24 bind i 1848. Så langt var ein ikkje komen i Gildeskål. Og den første læraren med utdanning kjem til bygda: Bodøguten Hans Hansen, seminarist frå seminaret på Trondenes, tek over som lærar og kyrkjesongar etter Helge Helgesen (som vart sjuk, spedalsk, heiter det) i 1846.

Så var det kan hende ikkje "den ALLERtarveligste Skoledannelse" Elias Blix fekk med seg likevel. Noko tok til å hende i norsk skole, og han er sjølv eit produkt av denne utdannings- (ja, kva skal vi kalle det? "Utdanningseksplosjon" er for sterkt). Men framleis (1848) er det årlege skoletilbodet berre 3-5 veker for kvar elev.
# lagt inn 26.10.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

KORREKSJON: Nei, Gildeskål er nok før ute enn Beiarn når det gjeld fastskole, eg har misforstått ein passasje i visitasprotokollen.
Av Blogger Anders, 12:10 a.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?