29.11.04
Blix-barna
I Digitalarkivets brukarforum går det ein debatt om slekta til Elias Blix for tida. Eg har gjeve min skjerv, ei oversikt over barna til Emma og Elias Blix:
- Hans Peter Blix, fødd 03.05.1872 (Leipzig), død 17.12.1936 (Eidsvoll).
Gift med Sigrid Knudsen frå Hamar (f. 1876). Jurist, var m. a. sorenskrivar i Hardanger og seinare i Eidsvoll. To barn. - Marie Blix, fødd 29.11.1873 (Kristiania), død 04.05.1920.
Ugift. Lærar. - Signe Blix, fødd 02.11.1875 (Kristiania), død 21.12.1875.
- Helge Blix, fødd 23.02.1877 (Kristiania), død 1952 (Kristiansand)
Gift med Signe Bjørdal frå Notodden. Murar, seinare bygningssjef i Kristiansand. To barn. - Ingvald Blix, fødd 22.08.1878 (Kristiania), død 12.12.1881.
- Einar Blix, fødd 23.09.1880 (Kristiania), død 08.11.1941 (Oslo).
Ugift. Jurist, arbeidde m. a. i Rikstrygdeverket. - Ragnvald Blix, fødd 12.09.1882 (Kristiania), død 02.05.1958 (København).
Sambuar med Anna Morell (svensk). Seinare gift med Ida Witzke (1905-1990, dansk). Ingen barn. Verdskjend karikaturteiknar, budde lenge utanlands (Frankrike, Tyskland, Sverige, Danmark) - Borghild Blix, fødd 15.03.1886 (Stockholm), død 1974 (Oslo).
Gift med Elisar Roshauw, Oslo. To barn. Utdanna barnehagelærar. - Ivar Blix, fødd 23.06.1889 (Kristiania), død 1967 (Oslo).
Gift med Bergljot Johanna Bergslien (1895-1975) frå Eidfjord. Fire barn. Lang karriere i Norsk Hydro, der han vart revisjonssjef.