<$BlogRSDUrl$>

18.11.04

Blix-prisen 2004 

Landet er fullt av litterære prisar, men den gjevaste er sjølvsagt Blix-prisen: "Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom." Nordnorsk forfatterlag melder:
Blix-prisen for år 2004 til Trond Hellemo
Blix-prisen for 2004 går til Trond Hellemo. Juryen har lagt vekt på Trond Hellemos dikting for barn og unge og på salmar og tekstar til bruk i kyrkjelege samanhengar. I dei nynorske salmane frå nord er han ein verdig arvtakar til Elias Blix.
---
Juryen grunngir tildelinga av prisen slik:
Trond Hellemo har skrive både for barn, ungdom og vaksne og i mange sjangrar: dikt, salmar, forteljingar, drama, prologar og andre høvesdikt, og gjendiktingar. Han har gitt ut diktsamlinga Utanfor allfarveg. For barn og ungdom har han også forfatta 4 librettoar til musikalar med bibelsk innhald, mellom anna ein musikal på senjadialekt for konfirmantar.

I 2004 har Trond Hellemo skrive teksten til ei jubileumsmesse som er eit bestillingsverk til feiringa av 200-årsjubileet for skipinga av Hålogaland Bispedømme. Denne messa for stort kor, orkester, joik og sopran blei urframført i Lofotkatedralen i Kabelvåg i mai, og turnerer no til Vadsø, Tromsø og Bodø.

Juryen har i første rekkje lagt vekt på Trond Hellemos dikting for barn og unge og på salmar og andre tekstar til bruk i kyrkjelege samanhengar. I dei nynorske salmane frå landet her nord er han ein verdig arvtakar til Elias Blix.

Forfattaren og læraren Trond Hellemo er fødd på Senja og har budd i fiskeværet Senjahopen det meste av sitt vaksne liv, med fisken og storhavet like utfor dørstokken. Tekstane hans har rot i denne naturen, dette folket og dette miljøet. Det er sett melodi til fleire av dikta hans, som blir brukt som viser. Frå heimkommunen Berg fekk han kulturprisen i 1991.
BlixBlog gratulerer!

Les meir.
# lagt inn 18.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?