<$BlogRSDUrl$>

20.11.04

Dampskipet 

Førti ungdommar samla på ein stad i seks veker greier sikkert å finne på eit og anna utanom pugging og salmesong. Plutseleg har dei eit større miljø av jamaldringar og likesinna rundt seg, det må vere ein ny og spennande situasjon.

Eg har ingen anekdotar å fortelje om konfirmantkullet frå 1851 i Gildeskål, og eg har ikkje tenkt å dikte opp nokon heller. Men ein ting skulle eg gjerne visst: Var Elias Blix vaken den lyse sommarnatta mellom 26. og 27. juni?

Det var han sikkert ikkje. Pliktoppfyllande og under streng kustus som han var, låg han vel og sov.

Men om han hadde vore vaken, kunne han sett det nordgåande dampskipet "Prinds Carl" dukke fram frå Fugløyfjorden, bak den låge øya Femris, på veg til anløpet på Nord-Arnøy. Ein av passasjerane er i alle fall vaken. Han noterer i dagboka si: "Gildeskaal, Fuglø (med et Slags Sandkilde), Sandhornet og flere mærkelige Fjelde." Mannen er på veg til Tromsø. Han heiter Ivar Aasen.
# lagt inn 20.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?