<$BlogRSDUrl$>

23.11.04

Ferdi 

"Kor mange Aar hever du vorit i Ferdi, og hever du gjengit fyre full Kar dar?" lyt ein spyrja Guten, naar ein vil vita, kvat Dygd dat er i honom, fyrr er han no inkje vaxin, og dan som inkje hever vorit med i Lofoten, er ingen god Sjømann.
([Elias Blix (anonymt),] "Frettnader um Livet i Nordland", Dølen, tilleggsblad til nr. 34; 1860)
Kor mange år var Elias Blix med på lofotfisket, det som for fiskarbonden er "nokot so ovstort, at Lofotreisi berre verdt kallad Ferdi eller Utferdi (Utfala)"? Tre år, seier somme, berre eitt, seier andre. Nevøen Peder Ravik er i tvil, men konkluderer med tre, "to år som Kokgut og et År som fuld Kar". I så fall var han med til Lofoten alt før han var konfirmert. Det var slett ikkje uvanleg og kan godt vere rett. Historia om at han i 1850, sommaren før konfirmasjonen, skal ha fått vere med som kokkglunt heilt til Bergen på jektefart, verkar òg meir rimeleg dersom han alt hadde ei slik erfaring med seg frå Lofoten. Jekta høyrde til utreiaren, handelsmannen Carl Olsen på Nord-Arnøy. Utreiaren spela ei sentral rolle i fiskarbondeøkonomien. På den eine sida kjøpte han opp fisken frå fiskarane, frakta og selde den vidare til kjøpmenn sørpå, for det meste i form av tørrfisk. På den andre sida forsynte han fiskarane med utstyr til fisket, med matvarer og andre handelsvarer som lokalsamfunnet ikkje kunne produsere nok av, særleg mjøl – og han gav kreditt når det var naudsynt. Fiskarbonden var heilt avhengig av utreiaren, og stod som regel i gjeld til han.

Elias Blix si manndomsprøve som "full kar" kan i alle fall tidfestast til vinteren 1853. Stefaren Ole Helgesen dreiv fiske i nærleiken av Reine, og det skal ha vore grannen Peder Mikal Bruun som var høvedsmann på båten Elias var med på. Sju år seinare skreiv han ei livleg skildring av lofotferda i Dølen. Den må for ein stor del vere bygd på eigne erfaringar.

Førebuinga tok til på seinhausten, etter onnearbeidet og fjordfisket etter sild. Mykje av silda skulle brukast som agn under lofotfisket. "No verdt dar eit Liv og ei Annsemd i Garden, som er sjeldsynt," fortel han. Alle er med. Førjulsvinteren går med til syslar som garnbøting og -binding, klargjering av liner, baking av brød og lefser, reparasjon og stell av klede. Julehelg tyder stille, "men naar Trettanddagen er umme, daa er dat Ferdtid, og Mannen maa afstad." Avskilsstunda er ei høgtid med sine eigne ritual. Det trengst. Eit fråver på opptil tre månader, ikkje utan risiko, står føre. "Heile Huslyden fylgjer honom til Baats: dar gjever han deim Kistemat af dat betste, som Kista hans kann bjoda."

Å reise vinterstid i open båt med årer eller segl kan vere stritt, får vi vite. "Baarurna ganga høge og slaa yvir Baaten inn paa Fiskaren; um ein Augneblink er Skinnhyret hans islagt, og dat glimar af honom som af ei Isbræda." Overnattinga på gardane langs leia får stor plass. Gamle kjende treff einannan, og både drammen, den gode historia og kveldsbøna høyrer med. Men endeleg:
Dan Dagen, naar Fiskaren naar fram til sitt Rorvær, er han so glad, at eg trur mangein Utvandrar inkje er stort gladare, naar han hever vunnit fram til "dan nye Verdi". Fiskarens Hus er ei Rorbud med Gruva i, Ljore i Taket og "Billar" elder Sengir langs med baade Langveggirne. Her samlast no Houvdsmannen og Karlarne hans, drikka kverandre til med eit "Velkomen i Budi!" og godrøda og ero so fornøgde, som um dei varo komne heim; dat einaste som vantar, er at deira Konur og Systrir og andre Skyldingar ero so langt burte, og difyre lyt deira Tanke millomaat leika med deim dar heime.
Fisket tok til ved kyndelsmessetid, 2. februar, og det kunne halde fram heilt til sommarmålsdagen, 14. april. Talet på fiskarar som deltok låg på 1850-talet i overkant av 20 000. I tillegg kom lausarbeidarar, kramkarar, fiskekjøparar og mange andre, så befolkninga i Lofoten var mangedobla medan sesongen stod på. Til gjengjeld var det nesten tomt for vaksne mannfolk andre stader langs kysten.

På denne tida var fisket framleis strengt regulert, "kvert Baatalag hadde sitt Sett elder Havstykke til at setja Reidskapen i, og alle laut paa same Tid ro ut og draga upp." Nokre få år seinare (1857) vart lovgjevinga endra, og prinsippet om fritt fiske på fritt hav vart gjennomført, under statleg fiskerioppsyn. Elias Blix fortel levande om kapproinga for å kome først ut på feltet når startsignalet går om morgonen, og om utfordringane ver og vind kan skape. Skildringa av sjølve fisket er heller kortfatta. Men han gjev glimt som dette av livet i land:
I langvarugt Uvedr, naar Fiskararne hava Landlega, fær ein sjaa mange Slags Verk: Sume arbeida: binda Garn, gjera Skjeidir, Ausur og Dallar og annat Trearbeid; andre sova medan dei orka; og so er dar no ein og annan Galning, som sviver ute heile Dagen, drikker seg ein Dram endr og daa, driver Narreverk, so Folk bisna umkring honom, elder slæst og styrer paa dan Maaten; dette sidste verdt daa alt meir og meir sjeldsynt.
Kor god sjømann og fiskar var Elias Blix? Ikkje spesielt god, skal vi tru anekdotane som er overleverte. Boka spelar ei sentral rolle her òg. Han las til og med når han sat om kvelden og gjorde lina klar til neste dags fiske, heiter det. Ein episode har fått ein særleg plass i tradisjonen: Elias skulle bere ein rognstamp opp frå båten, men det gjekk ikkje betre enn at taket glapp. Rogna var forspilt. Ein kamerat – fleire kjelder namngjev Peder Mikal Bruun – sette i: "Når du ikkje klarer å bere ein rognstamp, kan du gjerne reise på Samaritanen!" Det er, i lett forvanska utgåve, lærarseminaret i Tromsø som vert lansert som alternativ, og bodskapen er eintydig: For Elias Blix ligg framtida i boka, ikkje i båten. Peder Ravik fortel òg at det var skikk å "halde kor" – å samlast til felles andakt – under Lofotturen. Det kunne gjerne vere mykje folk samla ved slike høve, og den seinare teologen vart lagt merke til: "De blev alle forbauset over Eliases dygtighed til at læse og synge." Den tvitydige haldninga til bokleg lærdom kjem tydeleg fram i desse to forteljingane: Ein har nok respekt for "dygtighed til at læse og synge," men det er andre eigenskapar som gjer ein til skikkeleg arbeidskar.

Det var den siste lofotreisa til Elias Blix. I april 1853 sende sokneprest Peter Andreas Berg – som no var avansert til prost – anbefalingar for to Gildeskål-ungdommar til stiftsdireksjonen i Tromsø for opptak på lærarseminaret der, premiekonfirmantane frå dei to føregåande åra, Elias Blix Pedersen og Hans Nicolai Hansen. 26. juni sender stiftsdireksjonen dette svaret: "Ifølge Stiftsdirectionens Bestæmmelse af 25te Dennes er Elias Blix Pedersen optaget som Elev ved Semin. iaar mod at han stiller Sikkerhed for at bidrage 15 Spd. aarlig til hans Underholdning ved Sem." Hansen er for ung, han må vente til året etter. Men Elias Blix skal ut på ei lengre ferd.

Les meir om lofotfiskets historie her:
Lofotmuseet
Salten museum
Statistisk sentralbyrå (Espen Søbye, "Karneval i Lofoten?")
# lagt inn 23.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?