27.11.04
Forfattarstudium
Siste skrivesamling på det faglitterære forfattarstudiet denne helga, og da meiner eg siste, ikkje berre på denne modulen, men i heile studiet. Det blir rart å bryte opp, to og eit halvt år etter at vi tok til. I dag har eg lagt fram nokre sider om dei to store overgangsritane i ungdommen til Elias Blix, konfirmasjonen og første lofotturen. Dessutan har vi tekstar om trekanten Noreg - Europa - USA, om lungekreft, om å gjere si første reise til sjøs, om komponisten John Cage og om matematikk og matematikarar (for 10-12-åringar). Triveleg samling heime hos Roy på Majorstua i kveld. Vi held fram i morgon. Men no er det leggetid.