29.11.04
Krig (2)
Andre verdskrigen held fram. Nokre skvetter brunfarge på døde heltar frå språkstriden, andre tek på seg vaskejobbar. Eg har erklært at eg ikkje kjem til å følgje opp på denne plassen, men eg må gjere eit unnatak for Ottar Grepstad sitt innlegg i laurdagens Dag og Tid, særleg sidan innlegget ikkje ligg ute på vevsida til avisa. Det er Olav Midttun (vart avsett frå stillinga som riksprogramsjef under krigen, men heldt fram som professor og som Syn og Segn-redaktør) som vert reinvaska i følgjande avsnitt av "Kjeldene professoren valde bort":
Med sin velutvikla sans for dissidentar kunne Hans Fredrik Dahl her ha undra seg over at Midttun fann si særmerkte form for motstand sjølv når han førelas: Han tok allsongen i bruk. Når Midttun underviste i nynorsk litteratur, høvde det til dømes framifrå å syngje fedrelandssalmen av Elias Blix.Vel, Grepstad har nokre andre argument i tillegg. Men for BlixBlog er saka med dette avgjort.