16.11.04
Kyrkjemøtet
Kyrkjemøtet i år finn stad i Bodø 15.-20. november. Du kan følgje møtet på kyrkja.no. Her kan du til dømes lese hovudforedraget til Olav Fykse Tveit, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, over temaet "Ei vedkjennande kyrkje" - på nynorsk. Generalsekretæren er oppvaksen i Hallingdal, og er ein bra kar på alle måtar. Nokre sitat:
I sitt foredrag "Ei vedkjennande kyrkje" åtvara han mot å nytta formuleringar i kyrkja si vedkjenning som eit våpen for å ta andre.Les meir.
- Ein kan stundom få inntrykk av at det å vere ei open folkekyrkje er å seie ja til mangfald og ulike retningar, medan det å vere ei vedkjennande kyrkje er å seie nei til det nye og ukjende. Det ville vere historisk og teologisk misvisande, sa generalsekretær Olav Fykse Tveit i Mellomkyrkjeleg råd i hovudforedraget årets Kyrkjemøte.
- Det er nettopp på grunn av vedkjenninga at kyrkja skal vere open. Å følgje Jesus Kristus er å møte kvarandre slik han møtte menneske, ope og tydeleg. Kyrkja har ein open invitasjon til Guds opne famn. Det er jo det som er sentrum i vedkjenninga vår, sa Olav Fykse Tveit.
- Vedkjenninga er eit vern, men ikkje eit bur. Vedkjenninga er også eit vindauge vi kan opne, som gjev utsyn – til ein større røyndom, sa Fykse Tveit.