<$BlogRSDUrl$>

20.11.04

På kyrkjegolvet 

Plasseringa på kyrkjegolvet ved konfirmasjonen var alt anna enn likegyldig, posisjonen der var uttrykk for ei offentleg rangering av dei unge. Tre ting kunne spele ei rolle for plasseringa: Sosial status, kunnskapsnivå og gåver til presten.

Elias Blix Pedersen fekk, som den einaste på kullet, beste karakter: "Udmærket gode Kundskaber, flittig & sædelig," noko som gav han førsteplassen både i kyrkjeboka og på kyrkjegolvet. Han var heldigare slik enn Hans Nicolai Hansen frå Sør-Sandnes, som fekk same karakteren året etter, men pent måtte stå som nummer to. Det året var førsteplassen opptatt: Der stod Peter Berg, son til soknepresten – med dårlegare karakter. Det var forskjell på folk, jamvel i Guds hus.

Kva hadde konfirmasjonen å seie for den personlege utviklinga til Elias Blix? Det er ikkje overlevert minne frå han sjølv om det. Likevel er det grunn til å tru at konfirmasjonstida har spela ei viktig rolle i trushistoria hans. Når soknepresten to år seinare i ein attest (april 1853) kan anbefale han for "udmærkede Evner, fromt Sind og exemplarisk Forhold," er det nok særleg kjennskapen han har fått til guten i konfirmasjonstida som ligg til grunn.

Det er i alle fall ingen tvil om at den posisjonen Elias Blix Pedersen hadde skaffa seg gjennom å oppnå "den i Almuens Øine saa store Ære at blive stillet øverst paa Kirkegulvet paa Konfirmationsdagen", opna dører for han til vidare utdanning. Han hadde merka seg ut mellom sambygdingane. "Hvad en Seierherre ved de olympiske Lege var blandt Grækerne, det var en slig 'Storlæsar' blandt Helgelendingerne. Han hadde opnaaet en Ære, der kastede Glans over ham hele hans Liv," fortel Anton Chr. Bang, sjølv ein "Storlæsar" (Erindringer, 60-61).
# lagt inn 20.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?